Translate
lørdag 24. november 2012
mandag 19. november 2012
BURSDAG!
Sidan det er bursdagen min i dag, tenkte eg å legge ut eit skrytebilde av den fantastiske lampen eg fikk av mamma og pappa til bursdagen :) Eg blir so glad når eg ser på den! Its AMAZING!
fredag 16. november 2012
Eit puslespel
Då vi opna det flatpakka kjøkkenet vårt frå KVIK, fann vi ein mangel-lapp! Lappen såg vi no, eit år etter at vi henta kjøkkenet, og manglane er endå ikkje komne. Fy Kvik. Men, helldigvis er snilde Mathilde i Bergen og vil ta med det som manglar heim.
Å bygge kjøkken er som eit digert puslespel. Etter omtrent 5 kveldar- er vi nesten i mål, og har dessuten spart mykje penga på å gjere det sjølv. Tusen takk til alle gode hjelparar :)
Kjøleskapet skal stå til venstre på den tomme plassen, ellers er det kaffimaskin, ovn og dampovn. Har aldri brukt ein dampovn før, men dama i butikken sa at maten blir kjempegod. Med andre ord så er det ikkje kokken det står på, men utstyret..?

onsdag 31. oktober 2012
Nytt golv i stugo
No kan vi endeleg sleppe synet av den triste, grå betongen på kjøkkenet og i stova. No er det tid for golv! Golvet er retta med sand og oppå sanden ligg der isoporplater med plass til rør. Vi har valt å ha varmeslynge. Det blir spennande å sjå kor det fungerar.
tirsdag 16. oktober 2012
Jordingskabel
Midt opp i alt som føregår inne, kom nåken plutselig på at vi ikkje hadde lagt ned jordingskabel. Det va visst litt lurt å ha. Gutane hadde ett godt system på arbeidet, og det syne nesten ikkje igjen på plenen at dei har gravd.
For lenge, lenge sida..
..på denne tid i fjor var det stort sett riving som sto på programmet. Når eg ser tilbake på bilda frå nedriving, synest eg det er heilt herleg å tenke på at vi no er i god gang med å bygge opp att.
Ikkje minst har Endre begynt på det som er favoritten min ved heile huset. Dei fantastiske flisene til badet:
Lys i huset
I dag fekk vi eit glimt av korleis det blir når vi får lys i huset i staden for arbeidslampar. Flinke eletrikaren!
Abonner på:
Innlegg (Atom)