Translate

søndag 17. juni 2012

Kjekt med flinke hobbysnekkarar

Atter ei helg er over.. Det er stort sett helgane som er mest produktive mtp huset. No begynner vi å sjå at huset formar seg og det er utruleg spennande for oss å sjå. 
Her driv Hans Petter å lekta tak.







Eletrikaren var her før helga, og vi har no fått sett opp boksa der det skal vere lys opp i. Heile boksen kjem ikkje til å syne når det er ferdig.





Damene kan også jobbe. Her er Merete (mor til Endre) som rive siste del av veggen. Trudde vi var ferdig med å rive ned, men måtte ta ein vegg på dette rommet også på grunn av uttak til strøm.





Dagens funn: Inni veggen låg der nokre avissider frå 1961, ei veske som er Audhild (tanta til Endre) si og tegningar. Spørs om vi må legge igjen noko i veggen vi og..ein tidskapsel kanskje :)






Dette bildet er teke inn mot kjøkken.






Her kan ein sjå ut i gongen, gjennom badet og inn til kjøkkenet.







Rododendroen blomstra :) Det gjer soppen og..





Vi er så helldig å ha ei fin, lita elv som renne ved utkanten av plenen.





mandag 11. juni 2012

Flotte juni-dagar

Dei siste dagane har vi hatt goveir og fått gjort mykje både ute og inne. Veit ikkje kva vi skulle ha gjort uten alle dei gode hjelparane!

Inne har vi fått meir isolasjon på plass + plasting og lekta taket. Vi har og isolert ute ved kjellaren, slik at det ikkje skal bli så kaldt inne..
Så fann ein ut at taket inne var tre cm skeift. Eg såg for meg ei veke med arbeid for å ordne det, men tømrarar veit råd, og Pawel (kollega av Endre) ordna det kjapt.





                                                Søskena Myklebust står å lure på ditta her..




            Her tilpassa Endre og Vegar isoporen. Opp på isoporen blei det lagt duk og singel (steina)




                                                 Firhjulingen var god å ha til å flytte på tung singel




                                                                             Eirin spada singelen på plass




                          
 Såmannen er ute igjen




                                                                              Vatning
                                                                                          


                                                  
   Litt klipping av det graset vi har må også til inn i mellom..





Pause i trappa. Det seiast at trappa er huset's sjel. Dinna trappa skal få stå :)




Litt forandring sidan vi begynte med påbygget:








mandag 4. juni 2012

I helga har Endre hatt med seg Pavel i huset. Dei har fått gjort veldig mykje: lista rundt vindauga på utsida, isolert det høgste taket og taket nede i stove, kjøkken og litt andre veggar. No er det snart klart for å få eletrikar på besøk. Stilasa er og vekk :)



                                                                                          listing



                                                                          isolert og plasta

                                             

Ellers så har graset vi sådde så vidt begynt å vise seg.






Ugraset trivst visst i all slags veir..det veks i alle fall mykje fortare enn graset.