Translate

onsdag 2. mai 2012

Vi har fått utrulig masse god hjelp frå venner og familie. Blant anna forrige torsdag då vi skulle så nytt gras til plenen rundt huset. Verken eg eller Endre har sått før, så det var spennande. Vi fekk ett hett tips frå broren til Endre, Vegar om at det gjekk an å stå å kaste frøa ut. Ditta tipset utvikla seg til såmaskin med sveiv. Vi brukte eit par dagar på å plukke vekk store steinar og anna som ikkje burde ligge i plenen, med tanke på slåing seinare. Etter dette raka vi og la litt ny jord slik at det skulle bli så jevnt som mulig. Så var det såing, der det gjekk med nesten 2 kg med frø som då skulle holde til 200 kvadratmeter. Etter såing var det tromling. Dette gjorde vi med ein trommel der eg og mamma bytte på å sitte opp på. Gledar meg til det blir grønt og forhåpentlegvis fint!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar