Atter ei helg er over.. Det er stort sett helgane som er mest produktive mtp huset. No begynner vi å sjå at huset formar seg og det er utruleg spennande for oss å sjå.
Her driv Hans Petter å lekta tak.
Eletrikaren var her før helga, og vi har no fått sett opp boksa der det skal vere lys opp i. Heile boksen kjem ikkje til å syne når det er ferdig.
Damene kan også jobbe. Her er Merete (mor til Endre) som rive siste del av veggen. Trudde vi var ferdig med å rive ned, men måtte ta ein vegg på dette rommet også på grunn av uttak til strøm.
Dagens funn: Inni veggen låg der nokre avissider frå 1961, ei veske som er Audhild (tanta til Endre) si og tegningar. Spørs om vi må legge igjen noko i veggen vi og..ein tidskapsel kanskje :)
Dette bildet er teke inn mot kjøkken.
Her kan ein sjå ut i gongen, gjennom badet og inn til kjøkkenet.
Rododendroen blomstra :) Det gjer soppen og..
Vi er så helldig å ha ei fin, lita elv som renne ved utkanten av plenen.
Det begynner å bli bra :)
SvarSlett