Translate

tirsdag 11. september 2012

Hei haust !

Siste månaden har vi fått plata eit soverom, kjøkken, stove og loftstove. Med plater- høyrer også sparkling og pussing med + grunning og maling. Det mest spennande var å få lagt plater i taket. Taket er høgt og i tillegg er det mykje vinklar å arbeide med.
Det er heilt sikkert at til dette arbeidet kan ein aldri bli høg nok, det synast på bildet der Endre må stå på tå på stilaset for å rekke opp. Med stilas i stova, sterke hender og mykje tenking for å få kappa platene rett slik at dei skulle passe, blei det endeleg ferdig.
 
 
 
 
 
 
Eit anna prosjekt har vore å få peisen på plass. Ramma rundt peisen har stått slik sidan februar i år: 
 
 


Det som gav oss inspirasjon til peisen, var bildet under. Vi har endå ikkje heilt bestemt oss for kva slags stein vi vil bruke, men det må vere fargar som gir varme til rommet.



Instaleringa startar..


 
 
 


 
 


Slik blei det foreløpig. Det hadde gått an å berre male rundt peisen for no og lagt steinar på seinare, men det blir ikkje heilt det samme. Dessutan fungerar peisen som ein romdelar, mellom kjøkken og stove.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar