Translate
onsdag 31. oktober 2012
Nytt golv i stugo
No kan vi endeleg sleppe synet av den triste, grå betongen på kjøkkenet og i stova. No er det tid for golv! Golvet er retta med sand og oppå sanden ligg der isoporplater med plass til rør. Vi har valt å ha varmeslynge. Det blir spennande å sjå kor det fungerar.
tirsdag 16. oktober 2012
Jordingskabel
Midt opp i alt som føregår inne, kom nåken plutselig på at vi ikkje hadde lagt ned jordingskabel. Det va visst litt lurt å ha. Gutane hadde ett godt system på arbeidet, og det syne nesten ikkje igjen på plenen at dei har gravd.
For lenge, lenge sida..
..på denne tid i fjor var det stort sett riving som sto på programmet. Når eg ser tilbake på bilda frå nedriving, synest eg det er heilt herleg å tenke på at vi no er i god gang med å bygge opp att.
Ikkje minst har Endre begynt på det som er favoritten min ved heile huset. Dei fantastiske flisene til badet:
Lys i huset
I dag fekk vi eit glimt av korleis det blir når vi får lys i huset i staden for arbeidslampar. Flinke eletrikaren!
fredag 5. oktober 2012
Tripp meir trapp
Huset har altså to trapper. Eine går opp til loftet og den på bildet går ned til kjellaren. Kjellartrappa såg slik ut (minus alt støvet). Her er det gul/orange/raud/brun harmoni. Greit, fargar er kanskje på veg inn att, men alt med måte.
For å få ein meir moderne vri på trappa og samtidig få plass til tre spottar, har Endre brukt gipsplater til å kle den inn. Vi har også reve veggen til høgre for at trappa skal bli meir open.
Som ein kan sjå på bildet er trappa bua. Gipsplater er ikkje så lette å bøye, men med litt vatn gjekk det fint.
Slik ser trappa ut no med eit lag grunning. Trinna skal vi også gjere noko med etter kvart, men vil vente til vi er ferdig med den verste trakkinga opp og ned.
Det finst reglar for det meste, også for trapper...
Trappereglene
- Trappen skal ha sikker avgrensning og håndlist på begge sider.
- Trappen skal ha jevn stigning og samme høyde på alle opptrinn.
- Alle inntrinn skal ha sklisikker overflate. Inntrinn i trapp med rett løp skal ha samme dybde.
- Trapperommet skal ha god belysning slik at trinnene synes.
- Bredden skal være minimum 0,8 m og fri høyde minimum 2 m.
- Rekkverket skal forhindre klatring.
- Åpningene i rekkverket skal inntil en høyde på 0,75 m være maks 0,10 m.
tirsdag 11. september 2012
Trapperi-trappera
Trappeprosjektet går framover. Litt pussing måtte til, då det er mange lag med maling og hakk her og der. Ska sei trappa har hatt mange spennande fargar. Då vi letta på teppet i trappa var det knall raudt under. Teppet skal vekk etterkvart og då lyt vi vel pusse litt der og.
Trappa hadde fine mønster, men sidan vi ønske ein meir moderne stil, så pussa vi vekk mønstera slik at det blir meir glatte overflater.
Her får Mathilde instruksjonar frå Endre i korleis pusse trapp.
Nåken plassa kunne ein bruke pussemaskin:
Her er det laga hol til lys. Tapeten og platene bak tapeten har vi no reve vekk slik at vi kan legge nye plater. Visst vi ikkje hadde reve vekk, hadde vi sikkert heilsparkla heile tapeten. Det er ein seig jobb..
Hei haust !
Siste månaden har vi fått plata eit soverom, kjøkken, stove og loftstove. Med plater- høyrer også sparkling og pussing med + grunning og maling. Det mest spennande var å få lagt plater i taket. Taket er høgt og i tillegg er det mykje vinklar å arbeide med.
Det er heilt sikkert at til dette arbeidet kan ein aldri bli høg nok, det synast på bildet der Endre må stå på tå på stilaset for å rekke opp. Med stilas i stova, sterke hender og mykje tenking for å få kappa platene rett slik at dei skulle passe, blei det endeleg ferdig.
Eit anna prosjekt har vore å få peisen på plass. Ramma rundt peisen har stått slik sidan februar i år:
Det som gav oss inspirasjon til peisen, var bildet under. Vi har endå ikkje heilt bestemt oss for kva slags stein vi vil bruke, men det må vere fargar som gir varme til rommet.
Instaleringa startar..
Slik blei det foreløpig. Det hadde gått an å berre male rundt peisen for no og lagt steinar på seinare, men det blir ikkje heilt det samme. Dessutan fungerar peisen som ein romdelar, mellom kjøkken og stove.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





















