Translate

søndag 20. mai 2012

Prosjekt i helga har vore å få på plass vindauga. 12 vindu og ei skyvedør. Tungt arbeid, men har helldigvis fått hjelp frå sterke kara. Vindua er bestilt frå Norges glass, og har solskjerming. I følgje Endre skal dei vere sjølvrensande og, men eg synst eg ser oss med laange skaft, gardintrapper og det som er når vi skal til å vaske.. Ein gong i året kanskje.












bilde tatt frå loftstova





Vi er i alle fall kjempe fornøgd med resultatet ! 

mandag 14. mai 2012


Litt av utsikta vår. Bildet er sjølvsagt ikkje teke i dag. Det er teke 1. mai.
Håpa på samme go'veiret til 17. mai :)



Bildet er teke av Eirin Myklebust. (Eg har redigert det litt).

Taket er endeleg ferdig! På denne sida i alle fall. Det gjekk med nokre veker til taket. Ikkje enkelt med ditta veiret som har vore. Siste dagen Endre var på taket, var det så glatt at det var skummelt å sjå på. Det er ganske høgt ned.

Ellers er dagens go'nyhet for oss at vindua kom i dag. Hurra! Levrandørane holdt fristen. Det blir fantastisk å få i vindua, slik at det blir tett.

Ha ein god kveld i "finværet" alle :)








fredag 4. mai 2012



Her har Endre tegna kjøkkenet vårt. Det er bestilt og blei henta i Bergen på "Kvik" før jul- i desember ein gong. Kjekt med Bergensturar, og det blir det sikkert meir av etter kvart når vi skal hente andre ting. Kjøkkenet blir kvitt med høyglans, og blir sikkert noko av det siste som blir sett inn i huset.

Foreløbig ser kjøkkenet slik ut:




Det gamle kjøkkenet er teke i gjenbruk på hytta:


 

onsdag 2. mai 2012

Fann eit gammalt bilde av huset:




Vi har fått utrulig masse god hjelp frå venner og familie. Blant anna forrige torsdag då vi skulle så nytt gras til plenen rundt huset. Verken eg eller Endre har sått før, så det var spennande. Vi fekk ett hett tips frå broren til Endre, Vegar om at det gjekk an å stå å kaste frøa ut. Ditta tipset utvikla seg til såmaskin med sveiv. Vi brukte eit par dagar på å plukke vekk store steinar og anna som ikkje burde ligge i plenen, med tanke på slåing seinare. Etter dette raka vi og la litt ny jord slik at det skulle bli så jevnt som mulig. Så var det såing, der det gjekk med nesten 2 kg med frø som då skulle holde til 200 kvadratmeter. Etter såing var det tromling. Dette gjorde vi med ein trommel der eg og mamma bytte på å sitte opp på. Gledar meg til det blir grønt og forhåpentlegvis fint!