Translate

fredag 27. juli 2012

Snart klart for maling

Seint i juli allerede. Tida flaksa av gårde. Dei siste dagane har vi styrt med meir isolering, plating og stjernehimmel på badet. Vi har også tatt ein tur innom Førde og funne fliser til badet. Gledar meg til å sjå om flisene blir fine når dei kjem opp :)



Det er utrulig mykje ledninga og rør inn i veggane. Eletrikarane har nok mykje å holde styr på. Til og med eg har lært meg å isolere no, og slik ser veggen ut før og etter isolering:

 







Etter mykje fundering og planlegging av kor ein skal ha stikk-kontakter, lys og og andre ting som treng strøm då kom isolasjonen på plass og det var endeleg tid for plating. Det er no ferdig plata på soverom og gong.



 
Når ein skal få dei tunge platene opp i taket, er det jammen godt å ha ein sånn plateheis. Då er det berre å få plata opp på heisen og heise dei opp i taket. På dinna måten slepp ein at nokon må stå å halde når dei skal skruast fast. Genial heis spør du meg..





 
Her platar Endre i gongen:




Her skal han skjere vekk plata som er lagt foran døra. Noko av det viktigaste når ein legg plater, er at det blir minst muleg skøytar å sparkle. Etter sparkling er det tid for maling :)




Det er mykje hage og plen å holde styr på. Det blir litt nedprioritert medan vi styrar på inne. Difor er det veldig kjekt at svigermor kom på tur med propellen sin. Heilt supert å få slått vekk litt ugras som ein ikkje får tatt med plenklipparen. Takk for hjelpa :)





 
 
 
 
 

tirsdag 3. juli 2012

Lisjesystra isolerar

Eirin (systra til Endre) er flink til å isolere! Ho har no isolert heile stova og kjøkkenet. Skulle tru ho hadde gjort det 100 gongar før, men det var visst første gong. 
Resultatet blei supert og det er no klart for plating. Det går fort fram no. Ikkje minst hjelper gode temperaturar både på humør og arbeidslyst.