Translate

onsdag 31. oktober 2012

Nytt golv i stugo

No kan vi endeleg sleppe synet av den triste, grå betongen på kjøkkenet og i stova. No er det tid for golv! Golvet er retta med sand og oppå sanden ligg der isoporplater med plass til rør. Vi har valt å ha varmeslynge. Det blir spennande å sjå kor det fungerar.



 
 

tirsdag 16. oktober 2012

Jordingskabel

Midt opp i alt som føregår inne, kom nåken plutselig på at vi ikkje hadde lagt ned jordingskabel. Det va visst litt lurt å ha. Gutane hadde ett godt system på arbeidet, og det syne nesten ikkje igjen på plenen at dei har gravd.
 
 

 
 
 
 
 

For lenge, lenge sida..

..på denne tid i fjor var det stort sett riving som sto på programmet. Når eg ser tilbake på bilda frå nedriving, synest eg det er heilt herleg å tenke på at vi no er i god gang med å bygge opp att.



 

 

 
 
 
 
 
 
 
Ikkje minst har Endre begynt på det som er favoritten min ved heile huset. Dei fantastiske flisene til badet:
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


Lys i huset

I dag fekk vi eit glimt av korleis det blir når vi får lys i huset i staden for arbeidslampar. Flinke eletrikaren!


 
 
 
 
 

fredag 5. oktober 2012

Tripp meir trapp

 
Huset har altså to trapper. Eine går opp til loftet og den på bildet går ned til kjellaren. Kjellartrappa såg slik ut (minus alt støvet). Her er det gul/orange/raud/brun harmoni. Greit, fargar er kanskje på veg inn att, men alt med måte.
 
 


For å få ein meir moderne vri på trappa og samtidig få plass til tre spottar, har Endre brukt gipsplater til å kle den inn. Vi har også reve veggen til høgre for at trappa skal bli meir open.

Som ein kan sjå på bildet er trappa bua. Gipsplater er ikkje så lette å bøye, men med litt vatn gjekk det fint.

Slik ser trappa ut no med eit lag grunning. Trinna skal vi også gjere noko med etter kvart, men vil vente til vi er ferdig med den verste trakkinga opp og ned.




Det finst reglar for det meste, også for trapper...

Trappereglene

  • Trappen skal ha sikker avgrensning og håndlist på begge sider.
  • Trappen skal ha jevn stigning og samme høyde på alle opptrinn.
  • Alle inntrinn skal ha sklisikker overflate. Inntrinn i trapp med rett løp skal ha samme dybde.
  • Trapperommet skal ha god belysning slik at trinnene synes.
  • Bredden skal være minimum 0,8 m og fri høyde minimum 2 m.
  • Rekkverket skal forhindre klatring.
  • Åpningene i rekkverket skal inntil en høyde på 0,75 m være maks 0,10 m.