Translate

tirsdag 11. september 2012

Trapperi-trappera

Trappeprosjektet går framover. Litt pussing måtte til, då det er mange lag med maling og hakk her og der. Ska sei trappa har hatt mange spennande fargar. Då vi letta på teppet i trappa var det knall raudt under. Teppet skal vekk etterkvart og då lyt vi vel pusse litt der og.
 
 
 
 
 
Trappa hadde fine mønster, men sidan vi ønske ein meir moderne stil, så pussa vi vekk mønstera slik at det blir meir glatte overflater.
 
 
Her får Mathilde instruksjonar frå Endre i korleis pusse trapp.
 
 
 
 
Nåken plassa kunne ein bruke pussemaskin:

 
 
Her er det laga hol til lys. Tapeten og platene bak tapeten har vi no reve vekk slik at vi kan legge nye plater. Visst vi ikkje hadde reve vekk, hadde vi sikkert heilsparkla heile tapeten. Det er ein seig jobb..



 

 



 

 

Hei haust !

Siste månaden har vi fått plata eit soverom, kjøkken, stove og loftstove. Med plater- høyrer også sparkling og pussing med + grunning og maling. Det mest spennande var å få lagt plater i taket. Taket er høgt og i tillegg er det mykje vinklar å arbeide med.
Det er heilt sikkert at til dette arbeidet kan ein aldri bli høg nok, det synast på bildet der Endre må stå på tå på stilaset for å rekke opp. Med stilas i stova, sterke hender og mykje tenking for å få kappa platene rett slik at dei skulle passe, blei det endeleg ferdig.
 
 
 
 
 
 
Eit anna prosjekt har vore å få peisen på plass. Ramma rundt peisen har stått slik sidan februar i år: 
 
 


Det som gav oss inspirasjon til peisen, var bildet under. Vi har endå ikkje heilt bestemt oss for kva slags stein vi vil bruke, men det må vere fargar som gir varme til rommet.



Instaleringa startar..


 
 
 


 
 


Slik blei det foreløpig. Det hadde gått an å berre male rundt peisen for no og lagt steinar på seinare, men det blir ikkje heilt det samme. Dessutan fungerar peisen som ein romdelar, mellom kjøkken og stove.