Translate

mandag 30. april 2012

Vi ville lage eit lite påbygg slik at vi blant anna får større stove. For å få til det, måtte den gamle verandaen vekk først. Den var laga av betong og var ikkje enkel å få vekk. Det tok omtrent 2 veker. Ved hjelp av Vegar og gravemaskina og mykje hakking for hand, for betongen. Ditta blei gjort i august 2011.




Nedanfor viser korleis det såg ut når påbygget starta å komme opp. Det blei bygd ut ca 3meter og blir altso ein del av stova vår. Det blir store vindu i fronten..som kjem før 17. mai en gong. Nederste bildet (med blå himmel) viser omtrent slik det ser ut i dag.



Dei tre første bilda er tekne i oktober i fjor, medan  bildet med blå himmel er teke i april i år.



2 kommentarer:

  1. Kjekt med blogg om huset, då. Skulle no ha vore opp og sett ein dag, trur vi får prøve på det i løpet av sommaren. Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, har tenkt på det lenge. Er så kjekt å ha å sjå tilbake på. Eg er ikkje så dreven på blogging endå, då det var birgitte som hadde kontrollen sist gong :) Vi er stort sett i huset på kveldar og i helgar, så det er berre å kome opp å sjå :)

      Slett